fredag, desember 06, 2013

Luke # 6 !

Kyr for dagen 6. desember:

Elsa

Dama so er gjøymt bak luka i dag er litt av ei kyr. Elsa er no drektig med sin andre kalv og har i skrivande stund att ca 4 månader til termindato. Ikkje berre er denne dama super på papiret ( veldig høg avlsverdi) men ho er super i verklegheita og. Snill so dagen er lang, kontaktsøkande, veldig god mjølkekyr og ei veldig god mor! Då Elsa fekk den fyrste kalven sin so ordna ho heldigvis alt på eigenhånd. Sia ho var kvige og ho er mykje verdt so følgte me nøye med på om ho blei kalvsjuk. Eg vaka på ho i fleire netter då ho såg til å bli klar, men ingen kalv kom. Heilt til den natti eg var so trøytt at eg ikkje vakna av klokka for 2. runden i fjøset. Eg skjekka ho då klokka var ca 02.30 og då låg ho å sov so eg gjekk og la meg att og stilte alarmen til 05.00. Alarmen den ringte den, men eg sov like godt, og då eg kom i fjøset for å ta morgonstellet so var dette synet so møtte meg:



Elsa hadde fått ein kjempefine kalv. Dama hadde klart overgongen heilt fint. Fødselen såg ut til å ha gått so nokonlunde lett og dama hadde definitivt morsinnstinktet i orden. Kalven var vaska frå topp til tå og låg god og mett og kvilte i liggebåsen då eg fekk sjå han. 

Ikkje nok med at Elsa var ei god mor til sin eigen kalv. Ho blei også "mor" til ein kalv nr 2  eit døgn seinare. Ei anna kvige Ariana kalva også, men ho var lite eigna so mor. Ho hadde ein fæl fødsel so kanskje det var grunnen, men i allefall; ho ville ikkje ha kalven sin. Ariana vile ikkje drepe den ( det finst dei so prøva på det og...) men likte berre ikkje denne vesle blaute saken. Og der kalven hutra og fraus fortsatt blaut av fostervæske so viste Elsa interesse over bingekanten ("stakkars liti ! Come to mama!" sa ho). Og slek blei plutseleg Elsa tobarnsmor. Den nyankomne vart vaska og stellt etter alle kunstens reglar og fekk til og med drikke mjølk hjå ho. No er det so lenge sidan Elsa kalva at eg tenkje ikkje på ho so kvige lenger. Dama er midt i gjengen av alle dei andre mjølkekyrne. Roleg og snill er ho fortsatt og ho er no snart klar til å gå ut i barselspermisjon i påvente av nok ein kalv :D


Elsa som tobarnsmor. Supermamma!

Ingen kommentarer: