mandag, desember 16, 2013

Luke # 16 !

Kyr for dagen 16 desember:

India

India er ei fin kvige so fekk sin fyrste kalv for vel ein månads tid sidan. Det vart ein fin oksekalv, noko so var flott altso, men eg skulle so ynskje at det hadde vore ein kyrkalv! India er nemleg ein av desse "super-kvigene" med kjempehøg avlsverdi, snill, flott jur, mjølkar mykje og er rett og slett ei triveleg dame. Ho gjere ikkje so mykje ut av seg, men slike damer som har STOR persolegheit har eg nok av, haha.
India har endra seg mykje no når ho fekk kalven. Eg var egentleg bekymra for denne dama. Mor til Indeia er særs snill, roleg og tillitsfull, men India var som åring litt sky og skvetten. Og om eg var litt brå når eg var rundt ho so kunne ho av og til smelle avgårde ein bakfot. For å sei det slek; eg hadde eit lilla/grønt/blått/svart perfekt klauvavtrykk på eine låret i fleire veker etter at ho traff meg inne i åringsbingen for nokre månadar sidan. Men ho var ikkje stygg i seg, men berre litt  lettskremt og det var måten ho avreagerte på. I allefall; eg var bekymra med tanke på mjølking og mjølkestall sia dette var måten  ho reagerte på i situasjonar då ho blei litt redd (gje meg ei skikkeleg sint kyr kva dag som helst i forhold til ei som er redd ! ). Men den bekymringen var heilt unødvendig. Ho let kalven drikke heilt fint og då me mjølka ho for fyrste gong letta ho litt forsiktigt på eine foten eit par gonger, og det var det! Spenningi hadde ho lagt fort frå seg då ho innsåg at ho traff kalven om ho deiv med slike tullefakter. Og ho var verkeleg ei supermamma. Det var rett og slett skikkeleg fælt å ta frå ho kalven og ha ho inn att til kyrne. Ho skreik, kalven skreik og eg hadde lyst til å skrike eg også ! Det var både bra og dårleg at ho kunne sjå og høyre kalven sin i kalvebingen på den andre sida av fôrbrettet; mykje sår kalling og humring mellom mor og barn dei neste dagane....
Men etter nokre dagar so innsåg dei vel begge at slik var livet, og begge roa seg fint. India er altso vorten ei mykje rolegare dame ; tillitsfull, god mjølkekyr og syns visst no at budeia er ganske grei å ha når ein klør på halsen ;D

India ♥ 

Ingen kommentarer: